ENGLISH: This webinar will be in Norwegian
Er di bedrift interessert i å styrke sin forskings- og innovasjonsaktivitet?
Høgskulen på Vestlandet vil søkje Forskningsrådet om eit kapasitetsløft innafor tematikken hydrogen, og har Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole og NORCE med seg som samarbeidspartnarar.
Målet med eit slikt kapasitetsløft er å sikre næringslivet tilgang til relevant utdanning og forsking innafor tematikken, slik at ein bidrar til verdiskaping og omstillingsevne i næringslivet.
Tett samarbeid med næringslivet er ein føresetnad for å få til dette, og inviterer derfor til eit innspelsmøte tysdag 15. juni kl. 09.00 – 10.00.
Agenda
Kva er eit kapasitetsløft?
Kva får de som bedrifter igjen for å vere med på eit slikt initiativ? (bachelor- og masteroppgåver i direkte samarbeid med bedrift, EVU-kurs, forskar til låns og andre eksempel)
Kort presentasjon av initiativet
Korleis kan bedrifter engasjere seg?
Kva kompetanse har de i næringslivet størst bruk for? (felles diskusjon)
Det er ingen påmelding, trykk på knappen nedanfor for å bli med i møtet.