Back to All Events

Nettverkssamling 2022


  • Gloppen hotell Sandane Norway (map)

Bli oppdatert og bygge nettverk på ei og same tid? “Ja, takk”, tenkjer vi. Difor har Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster gleda av å invitere deg til Nettverkssamling 2022! Den går av stabelen 26. - 27. oktober på vakre Sandane på Vestlandet. Sjå programmet lengre nede på denne sida. Samlinga har 2 tema:

  • Sirkulær økonomi

  • Havvind og andre nye marknader

På kvelden 26. oktober blir nettverksbygginga tatt til nye høgder når vi inviterer til ostesmaking, ølsmaking og leirdueskyting! Middagen på kvelden blir i den fantastiske låven på Sølvane Gard, så dette blir ei minneverdig oppleving!

Trenger du overnatting på Sandane? Du bestiller rom ved å ringe til Gloppen hotell på tlf. 57 86 53 33. Dei har totalt 54 rom - så her er det førstemann til mølla som gjeld!

Program

Onsdag 26. oktober

TEMA: SIRKULÆR ØKONOMI

11.30 – 12.00 Registrering og enkel lunsj servering

12.00 – 12.05 Velkommen ved Sandra Nekkøy

12.10 – 12.20 Status - Hub For Ocean ved Kristin Svardal

12.25 – 12.40 Status i Havrom 2050 - Hub for Ocean ved Stein Kvalsund

12.45 – 13.00  Med bærekraft i fokus - Westcon Florø ved Ole Anders Smørdal/Maria Blom

13.05 – 13.20 “ICM- Intelligent Condition Monitoring” Karsten Moholt ved Jone Storstein

13.25 – 13.40 Bli kjent

13.45 – 14.10 Pause

14.10 – 14.25 Finansieringsordninger for sirkulærøkonomi - Innovasjon Norge ved Rune Henjesand

14.30 – 14.45 Startskuddet for kommersiell bølgjekraft - Havkraft ved Geir Arne Solheim og Svanøy havbruk ved Solveig Willis/Ove Vågen

14.50 – 15.05 TBA

15.05 – 15.20 Pause

15.20 – 15.50  Debatt: «Ny arena for utvikling av sirkulærøkonomiske løysinger»

Deltakarar: TBA
Ordstyrar: Stein Kvalsund
Moglegheit for spørsmål på slutten av samtalen.

15.50 – 16.00 Oppsummering/avslutning

16.00 – 17.00 Innsjekk Gloppen Hotel

17.00 Avgang buss til Sølvane Gård

17.30 – 19.30 Nettverksbygging – rundtur i bygda med ølsmaking og ostesmaking (Sølvane Gård)

19.30 Middag på Sølvane gård

Vi er tilbake på hotellet kl. 23.00-23.30

Torsdag 27. oktober

TEMA: HAVVIND OG ANDRE MARKNADER

08.30 – 09.00 Kaffe

09.00 – 09.10 Velkommen

09.15 – 09.30 Norwep ved Jørgen Brandt Theodorsen

09.35 – 09.50 Satsing på Havvind - Equinor ved Daniel Rogstad

09.55 – 10.10 Wergeland Group ved Irene Wergeland

10.15 – 10.30 Bli med på Havvind eventyret på Fjord Base

10.30 – 10.50 Pause

10.50 – 11.20 Debatt: «Samtale om leverandørmoglegheiter innan havvind»

Deltakarar: Norwep, Equinor, Fjord Base og Wergeland Group
Ordstyrar: Stein Kvalsund
Moglegheit for spørsmål på slutten av samtalen.

11.25 – 11.40   Landbasert oppdrett med lokale synergier - Havlandet ved Yrla Klein

11.45 – 12.00  Behandling av fiskeslam - Hellenes ved Øyvind Hellenes  

12.00 – 12.10 Avslutning og vel heim

12:30 – 13:30 Avslutningslunsj på Gloppen hotell

Takk til våre sponsorar

 

Hei!

Lurar du på noko? Ta gjerne kontakt.

 

Sandra Nekkøy

Business Development Manager
+47 993 43 208
E-post

Linkedin

 
Previous
Previous
October 20

Hydrogen- og ammoniakkwebinar med Japan

Next
Next
November 1

MoZEES conference on hydrogen and batteries