ENGLISH: With great climate ambitions and billions in earmarked funds for green transition, France is sailing up to becoming a very attractive nation to work with for Norwegian companies. In collaboration with Innovation Norway, we invite you to a webinar on how Nowegian member companies can make use of this opportunity. The webinar is conducted in Norwegian.
NORWEGIAN: Med skyhøge klimaambisjonar og milliardar i øyremerka midlar til grøn omstilling seglar Frankrike opp til å bli ein svært attraktiv nasjon å samarbeide med for norske bedrifter.
I samarbeid med Innovasjon Norge inviterer vi til eit webinar om korleis medlemsbedriftene kan ta bruk dette moglegheitsrommet. Frankrike er ein leiande nasjon på grøn omstilling i Europa og har øyremerka fleire milliardar euro for å nå klimamåla. Det skal mellom anna satsast på hydrogen, el-fartøy, smarte hamner, smart offshore-industri og smarte skip. Franske aktørar står heilt i startgropa løysingmessig og melder no si interesse for norske løysingar.
PROGRAM
13:00 – 13:05 Velkommen ved Hub for Ocean & Ocean Hyway Cluster
13:05 - 13:35 Grønn omstilling i det franske ferge- og shippingmarkedet:
Muligheter for norske bedrifter
ved Elig Rognerud, Head of Export Innovasjon Norge Paris
& Gyrid Espeland, lead researcher
13:35 - 14:00 Spørsmål og diskusjon
INVITASJON
Alle norskspråklege medlemmer i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster får kalenderinvitasjon inkludert webinarlenke på e-post. Webinaret finn stad på Microsoft Teams og blir gjennomført på norsk. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar i Hub for Ocean, Siri Odijk Solbakken, dersom du lurar på noko. siri@hubforocean.no.
BAKGRUNN
Innovasjon Norge Paris lanserer i desse dagar ein marknadsrapport om grøn omstilling i shipping- og ferjenæringa i Frankrike. Sentrale tema i rapporten:
· Store trendar i den franske maritime marknaden
· Konkrete behov i utvalte segment
· Finansieringsmekanismer og anbodsprosessar
· Franske aktørar er relevant for norske bedrifter som ønskjer å utforske dei franske moglegheitene
Rapporten blir publisert i desember 2020 og medlemsbedriftene får den tilsendt i forkant av lanseringa.
SPØRSMÅL?
Har du spørsmål eller kommentarar? Ta gjerne kontakt.