I gang med konseptutredning i Destinasjon Grønt Flåm

 

Før sommaren samla Ocean Hyway Cluster relevante aktørar frå reiselivsnæringa til workshop i Flåm. No er ein i gang med konseptutredning for å sikre turisme i området etter nullutsleppskrava som kjem i verdsarvfjordane i 2026.

Bakgrunn

Målet med programmet «Destinasjon Grønt Vestland» er at OHC saman med medlemmer og andre næringslivsaktørar skal utrede potensialet for grøne maritime reiselivskonsept i Vestland fylke.

Programmet vil ha ein heilskapleg tilnærming som involverer både dei tekniske og kommersielle aspekta som må til for realisering av eit framtidig grønt maritimt reiseliv. Målet i programmet er å utvikle og bygge eit nullutsleppsfartøy med tilhøyrande infrastruktur.

OHC har komt langt i kartlegging av caser, moglegheiter og behov, og har hatt fleire gode dialogar og diskusjonar med relevante aktørar. Resultatet av dei er tre delprosjekt som OHC vil arbeide vidare med.

Destinasjon Grønt Flåm

Eit av delprosjekta i programmet er «Destinasjon Grønt Flåm». Her skal OHC saman med aktørar frå reiselivsnæringa identifisere, utvikle og vurdere nullutsleppskonsept som mogleggjer utsleppsfri tilkomst til Flåm og verdsarvfjorden. Dette er eit utruleg viktig tema med tanke på nullutsleppskrava som kjem i 2026 gjennom Klimastrategi 2030 - vedtak 672 og for å sikre turisme i Flåm.

Målet med prosjektet er å modne fram minst eit levedyktig og gjennomførbart konsept som er eigna for Destinasjon Flåm.

Det er laga ei arbeidsgruppe som består av: Hafslund Eco, Flåm Havn, The Fjords, Norway’s Best og Ocean Hyway Cluster som arbeider med dette. Hittil har det tekniske teamet i OHC utarbeida 7 ulike konsept, deretter drøfta konsepta saman med næringa for å velgje ut 2-3 konsept ein ønsker å arbeide vidare med. Det er status for kvar vi er i dag i prosjektet. Det tekniske teamet skal no arbeide videre med konsepta:

Konsept 1 – Cruiseskip på hydrogen (hybrid)

Konsept 1 inneberer å retrofitte eksisterande cruiseskip slik at dei har moglegheit for nullutsleppsdrift. Her vil det vere snakk om hydride cruiseskip som kan gå både på konvensjonelle drivstoff og hydrogen, noko som aukar driftsfleksibiliteten og at ein er mindre avhengig av ein utbygd bunkringsinfrastruktur. Hydrogen og brenselceller skal lagrast i en container på dekk, og ved passering av nullutsleppsgrensa går skipet over til «green mode», skrur av forbrenningsmotorane og går utsleppsfritt inn i fjorden berre ved bruk av hydrogen.

 

Konsept 2 – Grønn infrastruktur i Flåm

I konsept 2 skal ein grøn infrastruktur i Flåm utredast (greiast ut) og kartleggast. Det skal leggast til rette for at fartøy kan ha moglegheit for å bunkre nullutsleppsdrivstoff og få landstrøm i Flåm. Krafttilgangen i Flåm og kvar det er moglegheit/plass for hydrogenproduksjon- og bunkring skal kartleggast, i tillegg til andre aspekt som til dømes sikkerheitssoner rundt bunkring.

 

Konsept 3 – Mindre utsleppsfrie passasjerfartøy

I konsept 3 skal det utredast (greiast ut) korleis mindre utsleppsfrie passasjerfartøy kan vere ei løsning for å oppnå nullutslepp i dei norske fjordane. Ein skal kartlegge ein potensiell bunkringsinfrastruktur, og sette opp potensielle ruter og deira hydrogenbehov.

Det er og blitt laga ei referansegruppe som er med i prosjektet med ulike aktørar som òg var med i starten på første workshopen vi hadde.

Deltakarane i referansegruppa er Carnival Cruise, Aurland Energi, Stranda Havnevesen, Vestland Fylkeskommune, Canima Services, Norwegian Hydrogen AS, Flakk Gruppen og Brim Explorer. 

Vidare arbeid

Dersom nokon sit med idear som ein tenker burde koblast på programmet Destinasjon Grønt Vestland. Ta kontakt med prosjektleder, Sandra Nekkøy, for ein uforpliktande prat.


 

Sandra Nekkøy

Business Opportunities Manager
+ 47 993 43 208
sandra(a)hubforocean.no

 
 
Previous
Previous

Torghatten Nord winner of the tender on Vestfjordstrekninga

Next
Next

1st Brazilian Norwegian Hydrogen Forum