Kristin Svardal tilsett som prosjektleiar for Ocean Hyway Cluster

Kristin har jobba i Hub for Ocean i snart to år og også vore aktiv i arbeidet med Ocean Hyway Cluster (OHC) frå starten. No går ho over i ei ny rolle som prosjektleiar. Den nye stillinga inneber at Kristin skal ta eit overordna ansvar for klynga og leie prosjektet OHC innanfor rammene gitt av Innovasjon Norge, Siva og Forskningsrådet, sjølvsagt i godt i samspel med klyngeleiar Stein Kvalsund og resten av teamet i OHC.

Den strategiske retninga er peika ut, og det blir viktig å igangsette og sikre framdrift i aktivitetar og prosjekt. Dette skjer i god dialog med medlemmer, styringsgruppe og andre interessentar i OHC.

Norge har tatt ein sterk posisjon innan grønn skipsfart, og hydrogen kjem for alvor inn i skipsfarten. Vi har med oss leiande aktørar i energibransjen og frå den maritime næringa i klynga, og ilag med dei skal vi jobbe for å akselerere utviklinga, både nasjonalt og globalt. Eg gler meg til å ta fatt på nye utfordringar i lag med resten av teamet, seier Svardal.

Kristin har ein bachelorgrad i Business Administration og eit Management program i endringsleiing frå Handelshøyskolen BI. Ho har også gjennomført leiarutviklingskurs innan relasjonsleiing. Ho kom frå ei stilling som seniorkonsulent logistikk i Statoil ASA (no Equinor). Ho har tidlegare vore tilsett i Sparebanken Sogn og Fjordane med erfaring innan leiing, prosjekt og sal.

Previous
Previous

35 Hydrogen Vessels in our Members' H2 Vessel Database

Next
Next

National cruise conference in Bergen