Destinasjon Grønt Vestland mottar støtte frå Vestland fylkeskommune

 

I September 2021 søkte Ocean Hyway Cluster om midlar til programmet Destinasjon Grønt Vestland gjennom Vestland fylkeskommune sitt “Handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland 2021”. Før helga fekk vi den hyggelige beskjeden om at søknaden på 395.000 kr vart innvilga. Dette sikrar at programmet kan arbeide vidare med å utvikle grøne maritime reiselivskonsept i Vestland fylke.

 

Krava til nullutslepp i reiselivsnæringa fører til behov for omstilling. Det er ein aukande betalingsvilje og interesse for å reise miljøvennleg, noko som opnar for utvikling av nye berekraftige reiseopplevingar. Vestland sin unike natur med fjord og fjell gir store moglegheiter innan grøne maritime reiselivsopplevingar, og for å oppnå nullutslepp er hydrogen peika på som ein av løysingane. I Vestland er det store mengder fornybar energi og dermed gode forutsetningar for produksjon av grønt hydrogen.

Sandra Nekkøy, prosjektleiar i Destinasjon Grønt Vestland

På bakgrunn av dei gode forutsetningane for Vestland, igangsette Ocean Hyway Cluster (OHC) programmet Destinasjon Grønt Vestland våren 2021, kor det skal utviklast miljøvennlege maritime reiselivskonsept. Målet er at programmet skal føre til bygging av både nullutsleppsfartøy og infrastruktur for grøne drivstoff.  

Sandra Nekkøy er prosjektleiar for programmet og gler seg over nyheitene:

Dette var ei utruleg god nyheit på tampen av året! Støtta vi no har fått frå Vestland Fylkeskommune er nettopp det vi treng til å arbeide vidare på det som allereie er starta. Dette er eit program med eit stort potensial, og denne satsinga vil være et viktig bidrag for grøn og berekraftig omstilling i Vestland.

Effektmål for Destinasjon Grønt Vestland

  • Bidra til å realisere Vestland Fylkeskommunes målsetting om å bli nullutsleppsfylke i 2030

  • Bidra til å styrke konkurransekrafta i eksisterande verdikjeder i Vestland gjennom dekarbonisering

  • Bidra til utviklinga av nye grøne verdikjeder i Vestland

  • Tilrettelegge for realisering av nullutsleppsprosjekt innan reiseliv i Vestland

  • Utvikle grøne forretningsmodellar og løysingar  

  • Stimulere til berekraftig vekst og næringsutvikling for deltakande aktørar innan reiseliv og klyngen sine medlemmer

Destinasjon Grønt Vestland er ein paraply for fleire prosjekt. Over ser du tre av prosjekta som Ocean Hyway Cluster vil arbeide vidare med.

For ytterlegare kontakt eller informasjon:

Sandra Nekkøy, Business Development Manager i Ocean Hyway Cluster.
sandra@hubforocean.no | +47 993 43 208

 
Previous
Previous

Global Growth – Singapore Maritime Digitalisation and Decarbonisation

Next
Next

Are you interested in coming with us to the Orkney islands?