Say hello to Sandra!
Please see information in English below.
NORWEGIAN: Ocean Hyway Cluster har tilsett Sandra Nekkøy som Project Controller. Ho kjem frå ei stilling som Kommersiell direktør i The Fjords. – Vi er svært glade for å få Sandra med på laget, seier dagleg leiar Stein Kvalsund begeistra.
Sandra har som ho sjølv seier «vokst opp på ein holme ut i havet». Oppveksten på Søre Nekkøy utanfor Florø har bidrege til at ho alltid har likt det maritime. Sandra har ei bachelorgrad i Shipping og Logistikk frå Høgskolen i Ålesund, og ei mastergrad i Ship and Shipping Management frå Southampton Solent University.
Dagleg leiar Stein Kvalsund fortel at han er svært nøgd med å ha rekruttert Nekkøy: - Vi er svært glade for å få Sandra med på laget. Ho har ein allsidig bakgrunn og erfaring som vil vere svært viktig for våre satsingar framover.
- Verkar utruleg spennande
Sandra Nekkøy går inn i ei stilling som Project Controller for Hub for Ocean (HfO) og Ocean Hyway Cluster (OHC). HfO er ein medlemsorganisasjon for dei havbaserte næringane i Vestland. Organisasjonen driv klynga Ocean Hyway Cluster, som er det leiande nettverket for maritim hydrogen i Norge. Rekrutteringa av Sandra skjer i ei tid med stor aktivitetsvekst i HfO og OHC. I tillegg til å få Sandra med på laget er det no lyst ut ei stilling som Prosjektutviklar med søknadsfrist 14. februar.
Som Project Controller skal Sandra støtte leiinga i saker som gjeld styring, rapportering og oppfølging av prosjektsatsingar. I tillegg kjem ho til å arbeide med eigne prosjekt.
- Sandra, kvifor ønskjer du å arbeide i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster?
“Eg ønsker å jobbe i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster fordi dei jobbar med ulike prosjekt som både er framtidsretta og nyskapande. Det å få vere med på eit samarbeid som kan føre til nyskaping og vekst verkar utruleg spennande, samt veldig lærerikt. Det verkar som om at alle dagar er ulike, og ein får delta i mykje, noko eg setter veldig stor pris på. Samtidig så kjenner eg Stein litt frå før og eg har fått inntrykk av at han er ein god og veldig kunnskapsrik leder/sjef, noko som er viktig både for arbeidsmiljøet og utvikling/framtida til selskapet. Har òg fått eit godt inntrykk av dei andre som jobbar der”, forklarar Sandra.
Alltid likt det maritime
Sandra har ein spennande bakgrunn der det maritime har stått i fokus:
«Eg starta mi utdanning på skuleskipet Gann, var der i to år. Tok første året mekanisk deretter andre året på matrosfag. Planen var å reise til sjøs, men eg fant ut etter kvart at eg ville jobbe innan den maritime næringa på land. Så eg tok allmenn påbygg i Florø så eg kunne søke meg inn på Høgskolen i Ålesund på en bachelor i Shipping og Logistikk. Var i Ålesund i tre år og fullførte studiet, søkte meg deretter inn på eit masterstudie i Southampton, Ship and Shipping Management. Etter endt studier i Southampton, var det vanskelige tider innan shipping over heile verden, så det var vanskelig å få jobb. To dager etter innlevert masteroppgave ringte eg barneskulen i Florø om dei trengte vikar, det gjor dei så eg kunne komme dagen etter. Eg vart der i to år, som vikar for dei ulike trinnene, men òg som fast lærer for ein sjette- og sjuendeklasse. Etter dette fekk eg jobb i The Fjords som administrativt koordinator og flytta til Flåm. Har jobba fire år i The Fjords, kor eg gradvis har steget i gradene frå administrativ koordinator til administrativ leder, til kommersiell leder. Då eg starta i The Fjords så var det ein liten administrasjon, eg fekk delta i alle dei ulike leddene i organisasjon, noko eg har lært utruleg mykje av. Kvar dag var ulik, med forskjellige arbeidsoppgåver med mykje ansvar. I løpet av mine studier i Ålesund, var eg heldig og fekk praksisplass i eit halvt år i Voldstad Shipping. Eg hadde òg eit «Internship» i Statoil på basen i Florø. I tillegg til studier har eg alltid hatt sommerjobb kvart år siden eg var 13, enten som servitør, kantineansvarlig, lettmatros eller butikkmedarbeider blant anna».
Kva erfaringar har du gjort deg i tidlegare jobbar som er nyttig å ta med seg vidare?
“Eg har erfaring frå å jobbe i eit «lite» selskap der alle må jobbe godt som eit team, og alle må bidra sjølv om det kanskje ikkje er ditt «område» eller arbeidsoppgåve så får ein det gjort uansett. Eg trur det er ein god eigenskap eg kan ta med meg vidare. Eg er også vandt med at endringar skjer fort, så det er viktig å vere fleksibel og løysningsorientert, og sjå moglegheiter i staden for problem. Som leder har eg òg hatt mykje ansvar og kontroll, noko som er ein god erfaring å ta med seg vidare”, seier Sandra.
På privaten er Sandra ei aktiv dame som likar å vere ute i naturen. Ho likar svært godt å bu med kysten, og er no glad for å flytte til Florø på fast basis.
Sandra byrja å jobbe for Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster 8. februar 2021. Ho kan nåast på sandra@hubforocean.no og telefon 993 43 208.
ENGLISH: We are pleased to introduce a new employee to our team. Sandra Nekkøy has been appointed Project Controller and is already in full swing to get an overview of projects and activities in Ocean Hyway Cluster.
CEO Stein Kvalsund is very pleased to have recruited Nekkøy:
- We are very happy to have Sandra on the team. She has a versatile background and experience that will be very important for our priorities in the future.
Sandra has been working as Commercial Director in The Fjords before joining the OHC team. The Fjords is a facilitator of spectacular experiences by electric ferries in the Norwegian fjords.
From day one
Sandra has grown up on a small island in Norway, and the interest for matters of the ocean has been there from day one. She has a bachelor's degree in Shipping and Logistics from Ålesund University College and a master's degree in Ship and Shipping Management from Southampton Solent University.
Sandra Nekkøy enters a position as Project Controller for Hub for Ocean (HfO) and Ocean Hyway Cluster (OHC). HfO is a member organization for the sea-based industries in Western Norway. The organization runs Ocean Hyway Cluster, the leading network for maritime hydrogen in Norway. As Project Controller, Sandra will support the management in matters related to reporting and follow-up of project initiatives.
The recruitment of Sandra takes place at a time with great activity growth in HfO and OHC. In addition to recruiting Sandra, there is a vacant position as Project Developer with an application deadline of 14 February.
Contact
Feel free to contact Sandra Nekkøy if you have any questions or comments.