Sjå HyAqua webinaret i reprise
Tysdag 30. November arrangerte Ocean Hyway Cluster webinar om framtidas fiskeri og havbruksflåte. Over 40 deltakarar samla seg for å høyre forskarar, skipsdesignarar og næringa snakke rundt temaet. No er det også mogleg for medlemmer å sjå det i reprise.
Bakgrunn
HyAqua er eit prosjekt i gangsatt av Ocean Hyway Cluster for å sjå på dekarbonisering av havbruks- og fiskerflåtene. Med i prosjektet er skipsdesignarar som Skipskompetanse, Naval Consult og Multi Maritime og forskingsinstituttet SINTEF Ocean. Visjonen til prosjektet er å produsere minimum 1 nullutslepps-pilotfartøy innan fiskeri og akvakultur.
Mark Purkis, prosjektkonsulent i Ocean Hyway Cluster, leda oss gjennom webinaret og stilte spørsmål under paneldebatten med skipsdesignarane Multi Maritime og Skipskompetanse.
Forskarane Anders Valland og Eivind Lona frå SINTEF presenterte resultat frå dei ferske rapportane «Nullutslipps havbruksfartøy: utredning av fartøystyper og relevant teknologi» og «Nullutslipps havgående fiskefartøy: utredning av fartøystyper og relevant teknologi». Rapportane har ein fartøy-til-fartøy tilnærming på kva teknologi og drivstoff som trengs for dekarbonisering. I tillegg kom næringa med perspektiv på barrierer for å få fart på dekarboniseringa, og moglegheitene for dei som lykkast.
Fekk du ikkje med deg webinaret? Fortvil ikkje!
Opptaket av webinaret er gjort tilgjengelig for medlemmer av Ocean Hyway Cluster i vårt medlemsområdet. Her ligger også dei fullstendige rapportane som blei presentert av SINTEF Ocean og powerpoint-presentasjonane til foredragsholdarane.
Er du medlem og ikkje har tilgang til medlemsområdet?
Ta kontakt med maria.hunvik@hubforocean.no.