Velykka workshop i Flåm
Workshopen samla 20 relevante aktørar frå reiselivsnæringa i Flåm, og diskuterte korleis fornybar energi i Aurland kommune kan inngå i møtet med nullutsleppskravet i verdsarvfjordane som kjem i 2026.
Workshopen hadde gode diskusjonar der aktørane fekk reflektere over moglegheiter, delt informasjon mellom aktørane og vegen framover. For augeblikket blir berre 25% av konsesjonskrafta i Aurland tatt ut i dag, og ein har då moglegheit til å auke kraftproduksjonen utan at det blir snakk om store investeringar.
Aktørane nemnte også at det må takast høgde for sesongvariasjon og det kan då vere hensiktsmessig å kople på andre næringar som kan bruke energien utanfor sesongen. Det er fleire typar sluttbrukarar i fjorden, og behov for å utrede både dei tekniske og kommersielle løysingane i Flåm.
Ocean Hyway Cluster setter no i gang med å setje saman ei arbeidsgruppe med fokus på tre punkt:
Korleis skal cruiseskipa komme seg inn til havna?
Korleis skal infrastrukturen løysast?
Kva er moglegheitsrommet, kva er mogleg å få til?
Spørsmål eller kommentarar til saka?