Korleis kan ein best posisjonere seg i forhold til EU si storsatsing på hydrogen? Ocean Hyway Cluster inviterer til ein kort introduksjon i lag med EU-nett Sogn og Fjordane ved Vestlandsforsking 25. juni.
EU-kommisjonen sin europeiske hydrogenstrategi er venta i slutten av juni 2020. Den handlar om korleis hydrogen kan nyttast for å nå målet om eit klimanøytralt EU i 2050. Satsinga blir også sett i samanheng med gjenoppbygginga etter koronakrisa. Torsdag, 25. juni kl. 10:00 inviterer vi medlemsbedrifter i OHC til eit møte om moglegheitsrommet i EU. Kva datoer blir viktige i tida framover? Kva moglegheiter opner Green Deal og Horisont Europa for? Alle medlemsbedrifter får ein invitasjon til arrangementet på e-post.
Agenda
Sidan sommarferien nærmar seg med stormskritt blir møtet 25. juni ein kort introduksjon til EU si hydrogensatsing. OHC vil arrangere meir omfattande møter om EU hausten 2020 dersom medlemsbedriftene ønskjer det.
Arrangert av
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Siri Odijk Solbakken dersom du lurar på noko.