Global sustainability challenges affect us all. The UN's Sustainable Development Goals mean that the conditions for purchases and sales in both the private and public sectors are changing. We see that developing sustainable business models will lead to a competitive edge. The situation is confirmed by more and more of our members. The opportunities are huge for companies that are ready to transition. We invite you to a digital workshop focusing on how you can take hold of this opportunity. (The digital workshop will be conducted in Norwegian)
Samfunnsansvar og konkurransedyktigheit heng tett saman i år 2020. Gjenreisinga etter koronakrisa kan vere ein god sjanse til å starte på ein ny og grønare utviklingsprosess. Vi inviterer til ein workshop med dei 2 fremste ekspertane på berekraft i Norge.
Dato: Todelt workshop, 18. juni 08:30 - 11:30, og 23. juni 09:00 - 12:00.
Påmeldingsfrist: 17. juni kl. 12:00.
Pris: 500,- per medlem i Ocean Hyway Cluster, NHO, Klimapartnere, og Hub for Ocean.
Arrangementet er sponsa av: Elkem
Spørsmål? Kontakt Siri Odijk Solbakken på 977 53 065 eller siri@hubforocean.no.
Målet med den digitale workshopen er at du skal:
1) Lære kva berekraftige og sirkulære forretningsmodellar er
2) Nytte kunnskapen til å designe ein meir berekraftig og lønnsam forretningsmodell i di eiga bedrift
Om kurshaldarane
Sveinung Jørgensen and Lars Jacob Tynes Pedersen er berekraftseventyrarar og førsteamanuensar ved Norges Handelshøyskole. Dei leiar Centre for Sustainable Business, og dei er dei fremste forskarane i Norge på sirkulære og berekraftige forretningsmodellar. Dei har 15 års erfaring med forskingsbasert innovasjon saman med bedrifter i inn- og utland som ønskjer å forene berekraft og lønnsemd.
Program
Workshopen vil foregå på den digitale plattformen Zoom, 18. og 23. juni.
TORSDAG 18. JUNI 08.30 - 11:30
Kombinasjon av forelesning, gruppearbeid og plenumsdiskusjon:
“Kva er ein berekraftig forretningsmodell? - Samanhengen mellom berekraft, sirkulærøkonomi og lønnsemd” (Jørgensen og Pedersen)
“Veikart for framtidas næringsliv” (Mari Sundli Tveit, politikkdirektør i NHO)
“Nullutslippsmål som forretningsmulighet" (Helene Frihammer, Klimapartnere Vestland)
Presentasjon av RESTART-rammeverket, og Jørgensen og Pedersen sin eigen innovasjonsmodell som dei har utvikla og testa i nært samarbeid med ei rekkje bedrifter. Gode døme frå næringslivet er inkludert (Jørgensen og Pedersen)
Gruppearbeid i inndelte digitale grupperom: Analysere og diskutere eigen forretningsmodell
MELLOM DEI TO WORKSHOPANE
Mellom dei to workshopane vil deltakarane i kvar bedrift få ei enkel oppgåve dei skal arbeide med. Dette vil ikkje krevje mykje arbeid, og det vil vere knytt til å forstå meir av dagens situasjon i eiga verksemd, samt å opne opp for nye moglegheiter.
TYSDAG 23. JUNI, 09:00 - 12:00
Kombinasjon av forelesning, gruppearbeid og plenumsdiskusjon:
Gruppearbeid: Korleis kan de omsetje berekraft til konkurransekraft?
“Slik arbeider vi med berekraft” (Arne Werge-Olsen, Elkem)
Korleis rigge verksemda di slik at du kan nytte potensialet som ligg i å integrere berekraft og sirkulærøkonomi (Jørgensen og Pedersen)
Påmelding og betaling
Påmeldinga stengte 17. juni kl. 12:00. Vi er svært nøgde med å ha over 50 deltakande personar på workshopen.
Den digitale workshopen kostar 500,- per medlemsbedrift/ partner i Ocean Hyway Cluster, NHO, Klimapartnere og/ eller Hub for Ocean. Prisen er uavhengig av kor mange som deltek frå ei og same bedrift. For dei som ikkje er medlem kostar det 1000,- per deltakar. Vi anbefaler å vere 2-3 deltakarar frå kvar bedrift, gjerne ein representant for leiinga, ein som har ansvar/ skal ha ansvar for berekraft, og ein som arbeider med kommunikasjon. Det er maksimum mogleg å melde på 4 deltakarar per bedrift. For å få rett pris er det viktig at ein person melder på alle deltakarar frå ei bedrift. Ein betaler samtidig som ein melder seg på, enten med kort, vipps eller faktura.
Spørsmål?
Har du spørsmål eller kommentarar ta gjerne kontakt.
Siri Odijk Solbakken
Kommunikasjonsrådgjevar
Ocean Hyway Cluster/ Hub for Ocean
E-post: siri@hubforocean.no
Telefon: 977 53 065
“Berekraft som konkurransekraft” er arrangert av