(Please see text in English below)
På grunn av koronasituasjonen blir SkatteFUNN-kurset som var planlagt gjennomført i Florø onsdag 22. april, erstatta med eit digitalt kurs og ein-til-ein samtalar. Arrangementet er gratis, men du må melde deg på kurset og bestille ein-til-ein samtale med rådgjevar i Forskingsrådet om du ønskjer det.
Digital skriveverkstad: SkatteFUNN
Skal bedrifta di utvikle ei ny eller betre vare? Skal du skaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter i forbinding med ei utvikling? Då kan det vere aktuelt å søke skattefrådrag gjennom SkatteFUNN. Forskingsrådet arrangerer denne våren digitale SkatteFUNN-kurs. Kursdagen er todelt, og består av ein informasjonsdel og ein-til-ein møter. Saman med Ocean Hyway Cluster, Hub for Ocean og Aksello inviterer vi deg til ein digital SkatteFUNN-dag.
Dato: onsdag, 22. april, 09:00 - 15:30.
Stad: Den digitale plattformen Teams.
Påmeldingsfrist: fredag, 17. april, kl. 13:00.
Todelt kursdag
På kurset får du lære meir om SkatteFUNN, og om korleis forsking og utvikling kan bli ein del av innovasjonsprosessen i bedrifta di. Kursdagen er todelt, og består av ein informasjonsdel og ein-til-ein møter. I informasjonsdelen går vi gjennom kva type utviklingsaktiviteter som er omfatta av ordninga, og du får eksempel på SkatteFUNN-prosjekt. Du får informasjon om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt. Det vert òg informasjon om endringane i ordninga som er innført frå 2020.
I ein-til-ein samtalane møter du rådgjevarar frå Forskingsrådet og får råd om korleis du set opp eit godt prosjekt og fyller ut eit søknadsskjema. Om du ikkje har idéen til SkatteFUNN-prosjektet ditt heilt klar, kan du lufte den med rådgjevarane. Du kan bestile tidspunkt for individuell samtale ved påmelding. Om ingen av tidspunkta i påmeldingsskjemaet er aktuelle for deg, eller om dei er opptekne, kan du be om at vi tek kontakt med deg på eit seinare tidspunkt.
SkatteFUNN
SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta. Søknader til ordninga har problemstillingar innanfor alle fagområde. For å søke om skattefrådrag må prosjektet:
vere målretta og avgrensa
utvikle eller forbetre varer, tenester eller produksjonsprosessar
skaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter, eller nytte eksisterande kunnskap eller ferdigheiter på ein ny måte
vere til nytte for bedrifta
SkatteFUNN vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Du finn meir informasjon om ordninga her.
Proposal Writing SkatteFUNN
Do you have plans to develop a new product, a new service or an idea about how your company can deliver in a smarter way? The Research Council of Norway is organizing the SkatteFUNN course with project workshops throughout the country this spring. Together with Aksello, Hub for Ocean and Ocean Hyway Cluster, we invite you to a digital SkatteFUNN workshop on Wednesday 22 April. The event will be held in Norwegian on the digital platform Teams.
You will learn more about SkatteFUNN and how research and development can be a part of the innovation process. The course day is split in two parts, consisting of an information session and a project workshop with one-on-one conversations with a counselor. You will get information what projects can receive financial support through SkatteFUNN, and what you should emphasise in the application to have a high chance of success.
About SkatteFUNN
SkatteFUNN is a tax-deduction scheme for companies wishing to develop new or improved goods, services or production processes that will benefit the business. Applications for the scheme have projects within all business areas. SkatteFUNN is administered by the Research Council of Norway, in collaboration with the Norwegian Tax Agency. You can find more information about the scheme here: https://www.skattefunn.no/