Global sustainability challenges affect us all. The UN's Sustainable Development Goals mean that the conditions for purchases and sales in both the private and public sectors are changing. We see that developing sustainable business models will lead to a competitive edge. The situation is confirmed by more and more of our members in Ocean Hyway Cluster (OHC) and Hub for Ocean (HfO). The opportunities are huge for companies that are ready to transition. We invite you to a digital workshop focusing on how you can take hold of this opportunity. (The digital workshop will be conducted in Norwegian)
Globale berekraftsutfordringar påverkar oss alle. FN sine berekraftsmål gjer at rammevilkåra for kjøp og sal i både privat og offentleg sektor er endra. Vi registrerer at arbeid med berekraft kan gje fordelar i ein konkurransesituasjon. Dette får vi også stadfesta frå stadig fleire av medlemmane i Ocean Hyway Cluster (OHC) og Hub for Ocean (HfO). Moglegheitsrommet er stort for bedrifter som riggar seg for endring og omstilling. Vi inviterer til ein digital workshop som fokuserer på korleis ein kan ta i bruk dette moglegheitsrommet.
Digital plattform: Zoom.
Tal på deltakarar: Maks 30. Helst 2-3 per bedrift.
Leia av: Sveinung Jørgensen and Lars Jacob Tynes Pedersen.
Pris: 500,- per medlemsbedrift i HfO/ OHC, uavhengig av tal på deltakarar frå ei bedrift.
Økonomisk støtta av:
Målet med den digitale workshopen er at du skal:
1) Lære kva berekraftige og sirkulære forretningsmodellar er
2) Nytte kunnskapen til å designe ein meir berekraftig og lønnsam forretningsmodell i di eiga bedrift
Om kurshaldarane
Sveinung Jørgensen and Lars Jacob Tynes Pedersen er berekraftseventyrarar og førsteamanuensar ved Norges Handelshøyskole. Dei leiar Centre for Sustainable Business, og dei er dei fremste forskarane i Norge på sirkulære og berekraftige forretningsmodellar. Dei har 15 års erfaring med forskingsbasert innovasjon saman med bedrifter i inn- og utland som ønskjer å forene berekraft og lønnsemd.
Påmelding og betaling
Den digitale workshopen kostar 500,- per medlemsbedrift i Hub for Ocean og/ eller Ocean Hyway Cluster, uavhengig av kor mange som deltek frå ei og same bedrift. For dei som ikkje er medlem kostar det 1000,- per deltakar. Vi anbefaler å vere 2-3 deltakarar frå kvar bedrift, gjerne ein representant for leiinga, ein som har ansvar/ skal ha ansvar for berekraft, og ein som arbeider med kommunikasjon. Det er maksimum mogleg å melde på 4 deltakarar per bedrift.
For å få rett pris er det viktig at ein person melder på alle deltakarar frå ei bedrift. Ein betaler samtidig som ein melder seg på, enten med kort, vipps eller faktura. Påmeldinga stenger fredag 17. april kl. 14:00. Ta gjerne kontakt med Siri Odijk Solbakken i HfO/ OHC dersom du har spørsmål. E-post: siri@hubforocean.no - telefon: 977 53 065.
Program
Workshopen vil gå føre seg på den digitale plattformen Zoom på måndag 20. april 09:00 – 12:00 og fredag 24. april 09:00 – 12:00. Workshopane blir ein blanding av forelesning, gruppeoppgåver og dialog. Zoom er eit digitalt kommunikasjonsverktøy der deltakarane kan sjå kvarandre, sjå PowerPoint-presentasjonar og stille spørsmål både skriftleg og munnleg. Under nokon av gruppeoppgåvene kjem deltakarane til å bli fordelt på ulike digitale rom slik at ein kan ha diskusjonar i mindre grupper.
MÅNDAG 20. APRIL, 09:00 - 12:00
Kurshaldarane Jørgensen og Pedersen vil først introdusere kva ein forretningsmodell er, og samanhengen mellom berekraft, sirkulær økonomi og lønnsemd. Dei vil også kort presentere RESTART-rammeverket og ein innovasjonsmodell i fire fasar, som dei har utvikla og testa i nært samarbeid med ei rekkje bedrifter. Dei fire fasane i denne innovasjonsprosessen handlar om å 1) erkjenne dagens situasjon, 2) utforske nye moglegheiter, 3) teste desse ideane og 4) rigge bedrifta for framtida. I innledninga vil kurshaldarane gje ei rekkje eksempel frå næringslivet. Deltakarane vil få enkle oppvarmingsøvingar som vil bli diskutert på «grupperomma» og i plenum, og det vil bli rom for å stille spørsmål. Etter innledninga vil deltakarane starte med å erkjenne dagens situasjon ved å analysere forretningsmodellen i sine eigne verksemder. Dette vil den enkelte bedrift få moglegheit til å diskutere i eigne, digitale grupperom. Når det er gruppearbeid, vil Jørgensen og Pedersen kunne «vandre virtuelt» frå gruppe til gruppe, og deltakarane kan vende seg til kurshaldarane for å be om hjelp.
MELLOM DEI TO DIGITALE WORKSHOPANE
Mellom dei to workshopane vil deltakarane i kvar bedrift få nokon enkle oppgåver dei skal arbeide med. Dette vil ikkje krevje mykje arbeid, og det vil vere knytt til å forstå meir av dagens situasjon i eiga verksemd, samt å opne opp for nye moglegheiter.
FREDAG 24. APRIL, 09:00 - 12:00
Målet med den andre samlinga er å fortsetje å 2) utforske nye moglegheiter og finne måtar å 3) teste desse ideane. Også denne workshopen vil arrangerast som ein blanding av forelesning i plenum, gruppearbeid og felles refleksjon og dialog. Til slutt vil Jørgensen og Pedersen snakke om korleis deltakarane kan 4) rigge verksemda si slik at dei kan nytte potensialet som ligg i å integrere berekraft og sirkulær økonomi.
“Berekraft som konkurransekraft” er arrangert av