Back to All Events

Workshop: Berekraft og satsing på hydrogen i fiskerinæringa

Ocean Hyway Cluster og Hub for Ocean inviterer til ein workshop med fokus på berekraftige marknadsmoglegheiter og satsing på hydrogenbaserte framdriftssystem i fiskerinæringa.

Dato: Torsdag 28. mai, kl. 10:00 - 12:00
Påmeldingsfrist: Onsdag, 27. mai, kl. 12:00
Digital plattform: Zoom
Total tid: 2 timar, ein todelt workshop med foredrag og diskusjon i grupper
Pris: 250,- per medlemsbedrift i Ocean Hyway Cluster, Hub for Ocean og Måløy Maritime Group


Marknadsmessig er det eit tydeleg ordskifte om tiltak for å redusere karbonbasert kraft og framdriftsalternativ på fiskefartøy, i tillegg til eit stadig auka fokus på berekraft når det kjem til å hauste frå planeten sine ressursar.  Det blir stadig viktigare å vise at ein som bedrift tek stilling til berekraft, både for å vinne anbod, stå sterkare i næringslivet og ta vare på miljøet. Ved å presentere nokon av dei pågåande initiativa og løysingane, håper vi å støtte framtidige prosjekt gjennom felles informasjon, diskusjon og moglege innovative idear. Målet er å få auka fokus på korleis bedriftene kan arbeide med berekraft, og få fiskerirelaterte verksemder til å aktivt arbeide med å redusere karbonavtrykket.


Program 

Workshopen vil foregå i to delar:

  • Frå 10:00 - 11:00 blir det foredrag med nokon utvalde aktørar, mellom anna David Carter frå Austral Fisheries.

  • Frå 11:00 – 12:00 blir deltakarane delt opp i digitale rom slik at ein kan diskutere i mindre grupper via Zoom.

Grafikkdigital.jpg

Zoom er eit digitalt kommunikasjonsverktøy der deltakarane kan sjå kvarandre, sjå PowerPoint-presentasjonar og stille spørsmål både skriftleg og munnleg. Gruppediskusjonen kjem til å vare i 30 minutt. På hovudskjermen kan ein sjå eit skjermbilde med ulike diskusjonsemne ein kan diskutere saman. Det er også ønskeleg at kvar deltakar førebur nokon punkt som kan vere nyttige å ta opp i diskusjonen. Undervegs vil det dukke opp ei lenke til eit skjema i chatten der deltakarane anonymt kan føre inn dei punkta dei kjem fram til. Punkta blir presentert i fellesskap på slutten av workshopen.

Påmelding og betaling

Den digitale workshopen kostar 250,- per medlemsbedrift i Ocean Hyway Cluster, Hub for Ocean og Måløy Maritime Group.

Prisen er den same uansett kor mange personar som deltek frå ei bedrift. For å få rett pris er det viktig at ein person melder på alle deltakarar frå ei bedrift. For aktørar som ikkje er medlem kostar det 500,-.  Ein betaler samtidig som ein melder seg på, enten med kort, vipps eller faktura. Det er maksimum mogleg å melde på 4 deltakarar per bedrift. Påmeldingsfristen er onsdag 27. mai kl. 12:00.
For å leggje til fleire enn 1 deltakar trykker du på “Legg til fleire billetter” i vindu 2 i bookingsystemet.


Spørsmål?

 

Ta gjerne kontakt med Miriam Edler dersom du lurar på noko.

Miriam Edler
Profileringskonsulent i Hub for Ocean
Telefon: 993 91 599
E-post: miriam@hubforocean.no

2020+Miriam+Edler+%284%29.jpg
 
Previous
Previous
May 18

Postponed: MIT Entrepreneurship School

Next
Next
June 10

Kaffi med Stein