Back to All Events

Kaffi med Stein

Det siste halve året har vert ei underleg og utfordrande tid for mange. Stein Kvalsund, dagleg leiar i Ocean Hyway Cluster og Hub for Ocean, inviterer alle medlemsbedrifter til ein digital morgonkaffi om tida som har vore og tida som kjem.


20200529_123852-4.jpg

Temaet for den digitale samlinga er: Korleis kan Ocean Hyway Cluster, Hub for Ocean og verkemiddelapparatet best bistå i det vidare utviklingsarbeidet? Vi inviterer til ein uformell prat der alle kan komme med innspel og få ei oversikt over relevante støtte- og kompensasjonsordninger.

Medlemsbedrifter melder om at det er utfordrande å få oversikt over kva ordningar som er relevante å søke på. Ei oversikt over relevante ordningar kjem kort til å bli presentert på “Kaffi med Stein” og sendt ut i etterkant.

Program
10:00 - 10:10 Introduksjon
10:10 - 10:20 Kort om oversikt over støtte- og kompensasjonsordninger
10: 20 - 10:45 Open debatt om den vidare satsinga

Fyll opp kaffikoppen og bli med 10. juni! Alle medlemsbedrifter i Ocean Hyway Cluster og Hub for Ocean får lenke til arrangementet på tilsendt på e-post i juni.

Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Siri Odijk Solbakken dersom du lurar på noko.

IMG_2788-2.jpg

Siri Solbakken Kommunikasjonsrådgjevar
Ocean Hyway Cluster

Telefon: 977 53 065
E-post: siri@hubforocean.no

Previous
Previous
May 28

Workshop: Berekraft og satsing på hydrogen i fiskerinæringa

Next
Next
June 18

Digital workshop: Using sustainability to get a competitive edge (in Norwegian)