- Lønnsemd og berekraft går hand i hand
Det var bodskapen frå Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen då dei leia workshopen «Berekraft som konkurransekraft», i regi av Ocean Hyway Cluster med fleire 18. og 23. juni.
Under leiing av dei fremste ekspertane på berekraftige forretningsmodellar i Noreg, Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen, fekk dei over 50 deltakarene ei innføring i korleis dei kan gjere verksemda si grønare.
Ein berekraftig, sirkulær og lønsam forretningsmodell stod i fokus. - Det er mange verksemder som har ei stor vilje for å intensivere berekraftsarbeidet, men kanskje blir litt overvelda og treng hjelp med å finne ut kor dei skal starte, seier Truls-Einar Johnsen i Klimapartnere Vestland. I tillegg til fagleg innhald frå Jørgensen og Pedersen fekk deltakarane høyre innlegg frå Klimapartnere Vestland og NHO Vestlandet, samt ein innblikk i korleis Elkem har integrert berekraft i forretningsmodellen sin.
Møteplass for likesinna
Deltakarane vart inndelt i digitale grupperom på workshopen der dei ble utfordra til å reflektere rundt status, utfordringar og moglegheiter for berekraft i deira eiga verksemd. - Vi ser at aktørar i forskjellige bransjar og sektorar sit med dei same spørsmåla og utfordringane. Det å skape ein møteplass kor dei kan hauste erfaringar og refleksjonar frå kvarandre er veldig verdifullt, seier Johnsen. Verksemdene som deltok melder tilbake om at dei ønskjer å intensivere arbeidet med berekraft i etterkant av workshopen.
- Stor interesse
Workshopen var arrangert av Ocean Hyway Cluster i samarbeid med Hub for Ocean, NHO Vestlandet og Klimapartnere Vestland.
Dei to førstnemnte arrangerte ein liknande workshop i april. - Tilbakemeldinga viste at det er stor interesse for berekraft hos medlemmane våre. Mange ynskjer meir kunnskap og ein arena kvar dei kan diskutere sitt eige berekraftarbeid. Mange har også etterlyst ein slags «volum to», ein vidarekomande versjon av workshopen og det er noko vi jobbar med, seier Siri Odijk Solbakken i Ocean Hyway Cluster og Hub for Ocean.
Vegkart for framtida sitt næringsliv
NHO presenterte eit vegkart for framtida sitt næringsliv på workshopen. I vegkartet analyserer ein moglegheitsrommet og verkemidlane for næringslivet. Berekraft, klima og miljø vil stå endå sterkare på agendaen i næringspolikken i tida framover, la politikkdirektør i NHO, Mari Sundli Tveit, stor vekt på under sin presentasjon.
- NHO Vestlandet har i tida etter korona starta ei stor utrulling av digitale kurs som ein proaktiv medlemsfordel. Me ser at interessa for slike kurs er stor blant våre medlemmar. Dette er fyrste gang me arrangerer eit slikt digitalt fagleg kurs i lag med Klimapartnere og Hub for Ocean. Og det er definitivt noko me vil gjere meir av i tida som kjem, avsluttar politisk rådgjevar Magnus Nygaard i NHO Vestlandet.
Du kan lese meir om workshopen her.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar.