38 millionar til tre nye hydrogenprosjekt
Regjeringa tildeler til saman 38 millionar kroner til tre prosjekt som skal gje nye løysingar innan hydrogen.
Forskningsrådet skal følgje opp og finansiere prosjekta som rettar seg mot nye løysingar for produksjon og bruk av hydrogen i Noreg.
Desse tre hydrogenprosjekta får finansiering:
NEL Hydrogen Electrolyser AS
skal gjennomføre siste ledd i utviklinga av ein trykksett alkalisk elektrolysør. Målet med prosjektet er å tilby ein storskala kostnadseffektiv hydrogenproduksjon som kan takle raske svingningar som vil oppstå på grunn av variabel produksjon av fornybar kraft.Nexans AS
skal utvikle ein kombinert forsyningsstreng for undersjøisk energioverføring av både elektrisk strøm og hydrogen. Prosjektet er eit samarbeid med Sintef Industri.Aker Solutions AS
skal utvikle teknologi for produksjon av hydrogen frå naturgass som vil vere relevant for den norske satsinga på fullskala CO2-handtering gjennom mellom anna Northern Lights.
GRØN OMSTILLINGSPAKKE
Ei styrka satsing på hydrogen er omfatta i den grøne omstillingspakken som Stortinget vedtok i juni 2020.
- Denne tildelingen viser at midlene fra omstillingspakken raskt blir satt i arbeid. Det skal bli spennende å følge disse prosjektene videre. Hydrogen har betydelig potensial både til å redusere utslipp og til å skape verdier for norsk næringsliv, seier olje- og energiminister Tina Bru.
Fleire detaljar finn du i pressemeldinga frå Olje- og energidepartementet.