Hydrogen og hurtigbåt – det hastar med å få første båt i drift
Sogn og Fjordane fylkeskommune har i sitt høyringsframlegg for nytt rutebåtanbod definert at åtte hurtigbåtar skal ha utsleppsfri drift, seinast frå 2024. DNV GL har skrive ein rapport om høyringsframlegget. Rapporten tilfører ikkje fagmiljøa nye opplysningar. Fylkesutvalet i nye Vestland fylke har hatt møte og gjort vedtak om å utsetje handsaminga av høyringsframlegget til 3. desember. Argument for utsetjing er usikkerheit knytt til kostnadar og hydrogenteknologi.
Hydrogen er allereie i bruk
Hydrogen har vore produsert i Noreg i kring 100 år. Årsproduksjonen er no 225.000 tonn. I USA er det over 20.000 gaffeltruckar som går på hydrogen, det finst over 11.000 hydrogenbilar i verda og kring 400 hydrogenfyllestasjonar. Siemens har levert hydrogenbaserte energisystem til tyske ubåtar sida 2002 og Hyundai har inngått avtale om å levere 1.600 hydrogendrivne lastebilar til Coop i Sveits.
Maritim sektor står for tur
Det er internasjonal semje om å redusere CO2-utsleppa frå maritim sektor med 50 % innan 2050. Hydrogen vil spele ein viktig rolle for å redusere utslepp. Rundt om i verda er det ca. 40 ulike hydrogenbåtprosjekt under utvikling. Norled bygger verdas første bilferje som skal gå på hydrogen. Ferja skal vere i drift i 2021. Hurtigbåtar bruker mykje energi og har store utslepp. Bruk at hydrogen til framdrift av hurtigbåtar vil gi stor miljøgevinst.
Ocean Hyway Cluster
Ocean Hyway Cluster (OHC) er den viktigaste katalysatoren for utvikling og bruk av hydrogen i maritim sektor i Norge. Gjennom eit breitt nasjonalt og internasjonalt nettverk og gode møteplassar driver vi grøn vekst og innovasjon og samarbeid. OHC består av ei verdikjede av verksemder som representerer nokre av dei viktigaste aktørane for å møte eit nullutsleppsanbod realisert i 2022. Fleire av desse verksemdene har allereie sendt sine innspel i den vidare prosessen i samband med utlysinga av dei nye anboda for hurtigbåt i Vestland fylke.
Viktige føresetnader for anbodet relatert til hurtigbåt, gitt at valet vert hydrogen, er produksjon, lagring, distribusjon og fylling/bunkring av hydrogen. Sentrale aktørar i klynga har gitt ein felles uttale i.f.t anbodet på hurtigbåt:
Hydrogen har et stort potensiale som drivstoff i maritim setting. HYON AS med eiere Nel ASA, Hexagon ASA og PowerCell Sweden AB anser at hydrogen som drivstoff til hurtigbåtsektoren er ett av de viktigste segmentene å komme i gang med raskt. Trykksatt hydrogen er da det eneste realistiske på kort sikt, da infrastrukturen for leveranse av trykksatt hydrogen på kai vil kunne etableres raskere, til lavere pris og med mindre energiforbruk i produksjon.
Dersom HYON med eiere kan motta en bindende leveringskontrakt innen sommeren 2020, anser vi det som fullt realistisk å levere infrastrukturen for hydrogen gjennom hele verdikjeden fra produksjon, lagring, distribusjon og fylling/bunkring innen mai 2022. Slik leveranse vil naturlig skje i et større samarbeid med industripartnere. Gasnor, med sin erfaring fra utbygging og drift av gassleveranser til skip, støtter Hyon sin vurdering av at det kan være realistisk å ha en forsyningskjede for trykksatt hydrogen i drift innen sommeren 2022.
Det nye anbodet for hurtigbåt bør og ta høgde for ei vurdering av noverande rute- og båtstruktur. Implementering av ny teknologi og fartøy bør gje rom for drøfting om noverande rutestruktur er det som gjev den beste samfunnsøkonomisk gevinsten for Vestland fylke.
Næringsaktørar kan levere nullutslepps passasjerbåtar til både korte og lange ruter innan mai 2022, dette gjeld både elektrisk og hydrogenbasert framdrift. Det avgjerande for leveringstidspunkt er når operatør gjer si bestilling. Sakshandsamingstid i Vestland fylkeskommune for utlysing og tildeling av anbod og tid operatør bruker på å forhandle med aktuelle båtbyggjarar vil gi mindre tidsrom til å bygge fartøy som er klare til mai 2022. Det er likevel gode marginar på elektriske passasjerbåtar. T.d. kan Brødrene Aa levere alle fire fartøy i rutepakke 2 i løpet av eitt år. Hydrogendrivne fartøy vil trenge noko meir byggjetid fordi testperiode for ny teknologi (hos båtbyggjar + reiar, t.d. 3 + 3 mnd) vil inngå i leveringstida.
Redusere økonomisk risiko
Energiaktørar i Noreg og Europa forventar at utsalspris på hydrogen til maritim sektor vil vere på eit akseptabelt nivå. Prisen er i hovudsak gitt av kapitalkostnader og prisen på elektrisk kraft. Sjølv om verknadsgraden er mykje betre for brenselcelle + elektromotor enn for ein dieselmotor, vil hydrogen gi noko dyrare drift enn vanleg marin diesel med dagens prisar, men rimelegare enn ved bruk av biodiesel (HVO). For å unngå at fylka eller operatørar må ta risikoen med usikker pris på hydrogen, kan det vere ei løysing at staten tek ei rolle der ein til dømes garanterer prisen på hydrogen til dei første norske hydrogenhurtigbåtane. I tillegg må Enova finne ein god modell for å støtte både bygging og drift av hydrogendrivne hurtigbåtar.
Statleg kompensasjon
Handlingsplan for grønn skipsfart gir mange gode føringar for framtidig utvikling og satsing. Blant punkta er: “Regjeringen vil arbeide videre med en støtteordning for fylkeskommuner som stiller krav om lav- og nullutslippsløsninger i hurtigbåtanbud. Ved fremtidige revisjoner av kostnadsnøklene i inntektssystemet for fylkeskommunene vil regjeringen ta hensyn til kostnadsøkninger som følger av at fylkeskommunene har stilt krav om lav- og nullutslippsløsninger i ferge- og hurtigbåtsamband.” Fylkeskommunane sine satsingar og behov må ligge til grunn for komande revidering av støtteordninga i mai 2020.
Teknisk tryggleik
Næringa er klare til å bygge hurtigbåtar med hydrogen som drivstoff. Sjøfartsdirektoratet har vore involvert i fleire prosjekt og har gitt preliminære godkjenningar. Fleire konsortium har levert teknologiske hydrogenløysingar som svar på Trøndelag fylkeskommune si utlysing. Teknisk tryggleik er teken i vare. Brødrene Aa kan i løpet av 28 månader levere hydrogendriven hurtigbåt som er klare til operativ drift, inkludert tre månaders testing ved verft og tre månaders testing i rute av operatør. Ved bestilling tidleg i 2020 vil båt være klar til operativ drift 1. mai 2022. Tilsvarande er det grunn til å rekna med at andre leverandørar vil klare.
Global marknad
Noreg har tradisjonelt vore ein leiande maritim nasjon. Dei norske maritime klyngene har vore leiande i få fram nye løysingar som LNG drift på skip og batteridrivne fartøy. Med målretta satsing på maritim hydrogenteknologi kan vi no utvikle denne posisjonen vidare. Det fordrar rask satsing. Fylkeskommunane og Statens vegvesen sit på nøkkelen ved at dei kan definere hydrogenbaserte nullutsleppsløysingar i sine innkjøp. Noreg må nytte den offentleg innkjøpsmakta for å sikre teknologiutvikling som gjer at maritim sektor kan halde på sin leiande globale posisjon. Det er derfor viktig at fylkesutvalet i Vestland støtter framlegget til Sogn og Fjordane fylkeskommune om å innføre nullutslepps drift av åtte fartøy snarast råd etter 1.mai 2022. Dersom vi venter unødig lenge med å innføre hydrogenbasert framdrift av hurtigbåtar vil aktørar i andre land komme oss i forkjøpet og ta frå Noreg den leiande maritime posisjonen. Det er vanskeleg for dei maritime klyngene å halda innsatsen oppe om arbeidet stoppar opp. Å dela opp innkjøpet slik at ein startar med 2 år på dieseldrift er å gå baklengs inn i framtida.
Oppsummert
Vestland fylkeskommune må halda fast ved målet om å få nullutslepps hurtigbåtar i drift så snart råd frå 1.mai 2022.