Zero-emission express ferries from 2022

Scroll down for text in English


Positivt vedtak
Fylkesutvalet i Vestland gjorde eit svært positivt vedtak i går. Rutepakke 2 (lokalbåtruter i Flora, Bremanger, Vågsøy, Høyanger og Vik) og rutepakke 3 (lokalbåtruter i Gulen og Solund) i Sogn og Fjordane skal bli gjennomført med utlysing så raskt som mogleg slik dei var planlagde av administrasjonen i Sogn- og Fjordane. I tillegg blir det høve for justeringar i tråd med innspel som kom i høyringsprosessen, til dømes grad av hybrid.

Korte ruter
Hovudfartøya i rutepakke 2 (med unntak av fartøya Måløy-Silda, Måløy-Hennøystranda og ein mindre del av Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy) skal ha snarast mogleg innfasing av nullutsleppsteknologi frå 2022 og seinast frå 01.05.2024. Det er krav om at all energi som direkte eller indirekte nyttast til å drifte hovudfartøya skal vere være dokumentert fornybar. Fartøya i rutepakke 3 og unntaka i rutepakke 2 kan gå på fossilt drivstoff.

Lange energikrevjande ruter
For rutepakke 1 (dei fire ekspressbåtane Sogn og Fjordane – Bergen) ønskjer fylkesutvalet å gjennomføre ein alternativ anskaffingsprosess, til dømes ein utviklingskontrakt. Målet er  høve til innføring av nullutsleppsteknologi frå start av ny kontrakt i mai 2022, og med krav til innføring seinast frå 1. mai 2024. All energi til drift av fartøya skal vere dokumentert fornybar. Les meir om vedtak for alle rutene her


Næringslivet er klare

201909 Aero Hydrogen 40 by Brødrene Aa 2.jpg

Ocean Hyway Cluster (OHC) representerer verdsleiande næringslivsaktørar som allereie leverer nullutslepps framdriftsløysingar for passasjerbåtar. Ved bestilling før utgangen av 2020 kan til dømes Brødrene Aa levere fire batteridrivne nullutslepps hurtigbåtar i løpet av 2021 for rutepakke 2. Hydrogendrivne passasjerbåtar er eit aktuelt alternativ på dei lange rutene. Det vil ta noko lenger tid å ferdigstille slike fartøy, i hovudsak basert på leveringstid for hydrogenteknologi og 3 + 3 månader testing av fartøy hos båtbyggjar og operatør.

Utviklingskontrakt
Fylkesutvalet sitt framlegg om t.d. utviklingskontrakt er i tråd med innspel frå OHC. Trøndelag fylkeskommune har nyleg gjennomført ein teknisk utviklingskontrakt med svært bra resultat. OHC har gode røynsler med utviklingskontrakter. Mellom anna var Trond Strømgren, leiar for forsking og utvikling i OHC, prosjektleiar for Brødrene Aa-konsortiet som i september 2019 leverte nye hydrogenbaserte nullutsleppsløysingar til Trøndelag fylkeskommune.

 Eineståande vedtak

Vedtaket fylkesutvalet i Vestland no har gjort er eineståande i verda og bidreg til at norske maritime aktørar kan styrke sin leiande posisjon.

– Vi er stolte av å arbeide saman med leiande bedrifter og at vi har hatt høve til å bidra i den positive dialogen mellom næringsliv, fylkesadministrasjon og politikarar, seiar prosjektleiar i Ocean Hyway Cluster Kristin Svardal.

No er det viktig at styresmaktene følgjer opp med midlar som kompenserer for dei ekstrakostnadane Vestland fylkeskommune får ved innføring av nullutsleppsteknologi. OHC vil arbeide for å sikre slik kompensasjon. Å følgje opp vedtaket om realisering av nullutslepp for hurtigbåtar vert eit av dei viktigaste prosjekta for OHC i 2020, avsluttar ho.

 

 

Commitment to zero-emission technology

The county council in Vestland, Norway, made a very positive decision yesterday (3/12/19). Route package 2 (local boat routes in Flora, Bremanger, Vågsøy, Høyanger and Vik municipalities) and route package 3 (local boat routes in Gulen and Solund municipalities) in Sogn og Fjordane will continue with the tender process as planned by Sogn- og Fjordane County Council. In addition, there may be some adjustments in line with the recommendations that came in the hearing process.

 

Short routes

The main vessels in route package 2 (with the exception of the vessels Måløy-Silda, Måløy-Hennøystranda and a smaller part of Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy) will incorporate zero emission technology from 2022 at the earliest and from 01.05.2024 at the latest. There is a requirement that all energy that directly or indirectly powers the main vessels must be certified as renewable. The vessels in route package 3 and exceptions in route package 2 can run on fossil fuels.

 

Long energy-intensive routes

For route package 1 (the four express ferries that run between Sogn and Fjordane - Bergen), the county council wants to implement an alternative procurement process, a development contract is being considered. The goal is for the introduction of zero-emission technology from the start of the new contract in May 2022, and will be required by latest 1 May 2024. All energy for operation of the vessels must be certified as renewable. Read more about decisions for all routes here (in Norwegian)

 


Businesses are ready

Ocean Hyway Cluster (OHC) represents world-leading business players who already provide zero-emission propulsion solutions for passenger boats. For example, if an order is made before the end of 2020, Bødrene Aa could deliver four battery-powered zero-emissions express ferries in the course of 2021 for route package 2. Hydrogen-powered passenger boats are a real possibility for the longer routes. These vessels will take more time to deliver, because of delivery time for hydrogen technology and 3 + 3 months testing period of the vessels by the boat builder and operator.

 

Development Contract

The county council’s proposed development contract is in line with suggestions from OHC. Trøndelag county council recently completed a development contract with very good results. OHC has good experience with these contracts. Among others, Trond Strømgren – Head of R&D in OHC - was project manager for the Brødrene Aa consortium, which in September 2019 put forward new hydrogen-based zero-emission solutions to Trøndelag county.

 

World leading commitment

The decision made yesterday by the Vestland County Council is a world first and will enable the Norwegian maritime industry to further strengthen its leading maritime position.

 

“We are proud to work together with world-leading companies and that we have had the opportunity to contribute to this positive dialogue between businesses, county council and politicians” – says Kristin Svardal, Project Leader of Ocean Hyway Cluster.

 

“Now it is important that the government follows up with support to compensate for the additional costs that Vestland County Council will incur as a result of the implementation of zero-emission technology. OHC will work hard to help secure this support. Following up this commitment to implement zero-emission express ferries will be one of OHC’s most important projects in 2020” she finishes with.

Previous
Previous

Bærekraftige planer for maritim hydrogen

Next
Next

Hydrogen og hurtigbåt – det hastar med å få første båt i drift