Interesse for etter- og vidareutdanning hydrogenteknologi?
I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL) ønsker vi å kartlegge interessa for etter- og vidareutdanning (EVU) innan tema «Hydrogenteknologi».
Bakgrunnen for dette er at vi for eit par år sidan gjorde ei kartlegging for HVL der vi spelte inn ei rekke nye fag til ingeniørstudiet deira. Eitt av faga som kom ut av arbeidet var hydrogenteknologi, som hadde oppstart no i haust. Dette faget kan vidareutviklast til å bli eit kurs/EVU mot næringsliv, FoU, offentlege aktørar eller andre. Men då treng HVL meir informasjon om interesse og behov. Vi set derfor stor pris på om du kan sette av eit par minuttar til å svare på denne undersøkinga. Del gjerne link med relevante aktørar. Frist 20 desember.