Klyngesamarbeid styrker eksportlandslaget for hydrogen

 

Ocean Hyway Cluster, i lag med fleire andre norske klynger, vant nyleg eit High Potential Opportunities (HPO) anbod frå Innovasjon Norge. Saman skal klyngene bidra til å posisjonere norsk industri mot hydrogenutviklinga i Tyskland, samt sikre store eksportkontrakter til Norge.

Det var H2 Cluster som tok initiativ til å koordinere ein felles søknad.  Med på eksportlandslaget er norske klynger innan hydrogen som allereie har aktivitet mot den tyske marknaden:

  • H2 Cluster

  • Ocean Hyway Cluster

  • Powered by Telemark

  • Kongsberg Klyngen

  • Norwegian Energy Solutions

 

HPO – eller High Potential Opportunities er eit nytt verkemiddel i Innovasjon Norge for å styrke norsk eksport. Næringsminister Jan Christian Vestre har satt seg som mål å doble norsk fastlandseksport innan 2030, og da hastar det å komme i posisjon innan nye globale vekstnæringar innan det grøne skiftet.

I februar blei det utlyst eit anbod for at næringslivet og klyngene skal kunne ta ei sentral rolle i å bringe få norske kontraktar heim. Ordninga bygger på å utløyse allereie identifiserte marknadsmoglegheiter i sentrale marknadar. Målet er å vinne kontraktar på minst 500 millionar kroner eller å ta substansielle marknadsandelar i den konkrete marknaden.

Denne kontrakta er eit godt eksempel på klynge-til-klynge samarbeid der vi saman representerer heile verdikjeda innan hydrogen, uttaler Bjørn Ottar Elseth, klyngeleiar i H2Cluster.

 
 

Elseth ser fram til å posisjonere hydrogenaktørane i ein tidleg fase, slik at framtidige kontrakter kan tilpassast aktørane sin kapasitet og moglegheiter.

Vi skal jobbe med strategisk posisjonering, kommunikasjon og skape dei riktige møteplassane for både dei små og store hydrogenaktørane. Også ser vi fram til å jobbe med Kongstein og Thema Consulting, som begge har fått ei rolle i rammekontrakten med Innovasjon Norge, avsluttar han.

 

For Ocean Hyway Cluster er det viktig å bidra inn mot eit slikt initiativ:

«Europa er eit viktig marked og våre medlemsbedrifter representerer ei sterk verdikjede for hydrogen i maritim sektor. Eit samarbeid mellom komplementære klynger som jobbar med realisering av hydrogen er viktig for å nå ambisjonane satt av næringsminister Vestre; «heile Noreg eksporterer,» og vi må starte no. Saman representerer klyngene ei fullverdig verdikjede som opnar nye marked for hydrogen, vi ser fram til eit vidare utviklande samarbeid», seier Stein Kvalsund, dagleg leiar i Ocean Hyway Cluster.

«Kongsberg industrien har lang erfaring og kompetanse innan komplekse system. Hydrogen er ein viktig del i grøn omstilling og nye verdikjeder som er ein sentral del i vidareutviklinga av eit meir berekraftig samfunn og framtid. Dette klyngesamarbeidet vil styrke gjennomslagskrafta slik at vi saman kan skape og utvikle eit nytt marked innan norsk eksport. - Prosjektet vil føre til utvikling, deling av kompetanse, samhandling og styrke nettverket innan norsk hydrogenverdikjede. Det er store moglegheiter som føreligger, og for å lykkast med å opne opp nye internasjonale marknadar, er det heilt avgjerande at vi jobbar smart saman. Vi ser fram til videre samarbeid», seier Ole B. Hoen, klynge leiar i Kongsberg Klyngen.

«Vi i Norwegian Energy Solutions (NES) ser fram til å samarbeide med andre klynger om denne HPO-en. Vi har eit stadig aukande antall selskap i klynge-økosystemet vårt som utviklar hydrogenteknologi, og den nordtyske marknaden er openbart ein interessant marknad for desse aktørane», seier Egil Aanestad, CEO i Norwegian Energy Solutions.


 

Maria Brandsøy

Business Opportunity Manager
+47 905 23 543
maria(a)hubforocean.no

Linkedin

 

Fleire artiklar

 
Previous
Previous

Gen2 Energy, HYON and ASCO partner to establish Green Arctic HyHub

Next
Next

Finansieringsmoglegheiter med frist før sommaren