Finansieringsmoglegheiter med frist før sommaren

 

Er du usikker på kva finansieringsordningar som har frist fram mot sommaren? Vi har samla relevante finansieringsmoglegheiter for hydrogen, slik at du enklare får ei oversikt!

Gjennom HEILO (Hydrogen som Energibærer for Lavutslipp og Omstilling) har Enova, Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Gassnova har gått saman for å lage ei fullstending oversikt over finansieringsordningar dei leverer innan hydrogen. Her kan du også finne oversikt over kva prosjekt som har fått støtte frå 2015 – 2020.

Vi bistår våre medlemmer i søknadsfasen eller spørsmål om finansiering, ta gjerne kontakt med oss.


Grønn Plattform

Grønn plattform er ei satsing som gir støtte til forskings- og innovasjonsdrevet grøn omstilling i næringslivet. Regjeringa øyremerker inntil 750 millionar til denne typen 3-årige grøne samarbeidsprosjekt. Grønn Plattform er ute etter samarbeidskonsortier som kan levere de beste prosjekta, frå forsking og teknologiutvikling, frem til ferdige løysingar.

Fristar:

Breakthrough Energy Catalyst

EU-kommisjonen lanserte i forbindelse med klimamøtet i Glasgow i 2021 (COP-26) eit nytt partnarskap med Breakthrough Energy Catalyst (BEC) og den Europeiske investeringsbanken (EIB). BEC er ein Bill Gates-leia stiftelse som støtter utvikling av klimateknologi.

Samarbeidet ventes å stille til disposisjon 820 millionar til prosjekt i kommersiell skala innan:

  • Energilagring

  • Produksjon av hydrogen

  • Berekraftig flydrivstoff (SAF)

  • Direktefangst av karbon frå luft (DAC)

Ordninga er open for norske aktørar og prosjekt i Noreg med ei utlysing som er open frå januar 2022 til og med 2027, eller så lenge budsjettet rekker. Modne prosjekter med kort ledetid ventes å bli gitt prioritet.

Ordninga har første frist 13. mai 2022, og vil deretter ta imot søknader fortløpande i halvårlege intervallar. Prosjekter er venta å kunne motta ulike finansielle bidrag, slik som innskutt eigenkapital, garantiar, lån, tilskot til kapitalkostnader eller avtaksavtaler med prisgaranti (differansekontrakter).

Meir informasjon


Pilotering av ny energi- og klimateknologi

Det er behov for nye teknologiar og løysingar for å realisere nødvendig reduksjon i klimautslepp. Enova støtter realiseringa og verifisering av teknologi innan energi og klima, og programmet «pilotering av ny energi- og klimateknologi» er teknologinøytralt og opent for prosjekt i alle sektorer. Finansieringsordninga har fleire søknadsfrister gjennom 2022. Det er to frister før sommaren:

  • 6. Mai kl. 12:00

  • 17. juni kl. 12:00

Meir informasjon

EUs Innovasjonsfond

EUs innovasjonsfond er den fremste støtteordninga for investeringar i ny teknologi i EUs klimastrategi, European Green Deal, og er tilgjengeleg for norske søkarar. Enova har ansvar for Norges deltakelse i EUs innovasjonsfond og støtter norske søkarar til fondet.

EUs innovasjonsfond støtter marknadsintroduksjon og oppskalering av teknologi i prosjekter som gir store utsleppsreduksjonar innan fornybar energi, energilagring, CO2-håndtering og industriproduksjon.

Passer EUs Innovasjonsfond for di verksmed? Last ned sjekklista!

Årshjul små prosjekter (< € 7,5 mill. investering)

Store prosjekter opnar utlysing til hausten.

Meir informasjon


I tillegg til finansieringsordningar som har frist før sommaren er det også ordningar som har løpande frist.

Forprosjekt energi- og klimateknologi i maritim transport

Enova støtter forprosjekt som utreder konkrete og identifiserte innovative teknologiar til bruk i maritim transport. Målet med er at støtteprogrammet skal stimulere til auka investeringar i ny teknologi i maritim transport.

Gjennomføring av et forprosjekt kan gi søkaren tilstrekkeleg underlag for å kunne ta et valg om investeringsbeslutning og/eller søke om investeringsstøtte frå Enova gjennom programmet Fullskala innovativ energi- og klimateknologi.

Meir informasjon.

Foto: Enova

Fullskala innovativ energi- og klimateknologi

Enova kan støtte prosjekter som tar i bruk ny klimateknologi i norsk sektor. Dette gjer dei for å tilby risikoavlastning og sikre kompetanseutvikling i norske bedrifter og teknologimiljø. Programmet er teknologinøytral og opent for alle sektorar. Teknologi som har potensial for vidare spredning i Norge og/eller internasjonalt vil bli prioritert.

Meir informasjon

Forprosjekt energi- og klimateknologi i industrien

Planlegg di bedrift å utføre eller demonstrere ny og innovativ energi- og klimateknologi i produksjonsprosessen? Prosjekt som har behov for utredning gjennom forprosjekt før endeleg investeringsbeslutning kan få støtte gjennom Enova sitt program «forprosjekt energi- og klimateknologi i industrien». Finansieringsordninga støtter inntil 50% av dokumenterte meirkostnader opptil 10 millionar kroner til bedrifter som utfører forprosjekt.  

Meir informasjon

Innovasjonsprosjekt i næringslivet

Utlysinga er retta mot bedrifter, og midlane skal gå til innovasjonsprosjekt med omfattande innhald av forsking og utvikling (FoU).

Forskningsrådet ønsker å støtte prosjekt der partnarane jobbar saman for fornyelse og verdiskaping og berekraftige innovasjonar, enten det er nye eller forbedra produkt, tenester eller produksjonsprosessar.

Partnarane skal også oppnå kunnskap og innsikt gjennom innovasjonsarbeidet, og prosjektet skal føre til samfunnsøkonomiske gevinstar ved at ny kunnskap og nye løysingar frå prosjektet blir tilgjengelege for fleire.

Meir informasjon

Tilskot til miljøteknologi

Miljøteknologiordninga gir tilskot til utvikling, pilot og demonstrasjon av ny miljøteknologi. Det gjelder innovative produkt eller prosessar som løyser eit miljøproblem. Miljøteknologi omfattar teknologi, prosessar, løysingar og tenester som er betre for miljøet enn det som vert brukt i dag, og dreier seg både om teknologi og kunnskap.

Miljøteknologiordninga rettar seg mot innovasjonsprosjekt. Eit innovasjonsprosjekt har til hensikt å utvikle eller vesentleg forbetre eit nytt produkt, ny prosess eller teneste. Kjernen i prosjektet er forsking- og utviklingsaktivitetar. Innovasjonsprosjekt skal bidra til å styrke konkurransekrafta til bedrifta og gi varig verdiskaping i Norge.

Meir informasjon


Har du spørsmål om prosjektfinansiering, kontakt Kristin Svardal.

 

Kristin Svardal

Innovation Manager
+47 905 12 728
kristin(a)hubforocean.no

Linkedin

 

Fleire artiklar

 
Previous
Previous

Klyngesamarbeid styrker eksportlandslaget for hydrogen

Next
Next

Collaboration on CO2 management in Øygarden