Vi søker kommunikasjonsrådgjevar

Vi søker deg som er opptatt av næringsutvikling, teknologi og berekraft og ønsker å jobbe med Norges mest spennande næring: havnæringa!

Hub for Ocean har mange interessante aktivitetar og prosjekter på gang og treng ein dyktig formidlar som kan bidra til at vi lukkast med vårt arbeid. Trivast du med eit høgt tempo, evner du å skape gode relasjonar, er god på sosial profilering og kan handtere tradisjonelle media - då er du den vi er på jakt etter.

Stillinga har oppstart snarast og er eit vikariat som varar ut august 2022.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging: Utforme publiseringsplan og kommunikasjonsstrategiar. Overvåke kommunikasjonsarbeidet og bruke resultata til å legge nye strategiar

  • Presse: Sørge for god pressedekning i lokale, regionale og nasjonale media gjennom kontakt med journalistar, pressemeldingar og intervju

  • Nettsider: Sørge for oppdaterte nettsider både med tanke på innhald og funksjonalitet (Squarespace)

  • Nyheiter: finne gode nyheitssaker og skrive desse for Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster. Koordinere og lage innhald til nyheitsbrev

  • Sosiale media: Profilere Hub for Ocean, Ocean Hyway Cluster, og medlemsbedriftene på sosiale media. Utforme effektive digitale annonser retta mot målgruppene våre

  • Rådgjeving: Halde deg oppdatert på dei siste trendane innan kommunikasjon, og gje råd til andre tilsette og medlemsbedrifter

Vi søkjer etter deg som

  • Har utdanning innan PR, kommunikasjon, journalistikk eller andre relevant fagfelt

  • Svært gode skriveferdigheter og kommunikasjonsevne, både på norsk og engelsk

  • Er proaktiv og har evna til å arbeide sjølvstendig og strukturert med mange "ballar i lufta"

  • Har gjerne både innsikt i og interesse for "vår" bransje

  • Kjem lett i kontakt med både menneske og bedrifter

Vi kan tilby

Eit tverrfagleg miljø og eit spennande kontorfellesskap med ulike interessentar og aktørar. Og ikkje minst dynamiske og hyggelege kollegaer i ein organisasjon med stor takhøgde.

Søknadsfrist: Så fort som mogeleg, vi vurderer søkarar fortløpande.

Send CV og kortfatta søknad til: dagleg leiar Stein Kvalsund på stein@hubforocean.no eller slå på tråden +47 976 98 785. Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.

Vi gler oss til å høyre frå deg!


Om Hub for Ocean

Hub for Ocean (HfO) er ein medlemsorganisasjon for aktørar i dei havbaserte næringane. HfO driv også programmet Ocean Hyway Cluster (OHC), som er Norges leiande industriklynge med fokus på maritim bruk av hydrogen. Samla har vi over 120 medlemmer i nettverket, og vi jobbar med prosjekt og aktivitetar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. 

Les mer om HfO og OHC: 
https://www.hubforocean.no/
https://www.oceanhywaycluster.no/


Previous
Previous

TECO 2030 to set up factory for production of hydrogen-based fuel cells

Next
Next

3 good reasons why we have joined the Green Shipping Programme!