Mottar støtte til å auke samarbeid om hydrogen mellom næringsliv og utdanningssektoren
Ocean Hyway Cluster og HVL mottar 600.000 frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til prosjektet «økt samarbeid om hydrogen mellom næringsliv og UH-sektoren i SF». Prosjektet har som mål å auke innovasjonssamarbeidet mellom bedrifter i regionen og universitet- og høgskulesektoren om hydrogen og hydrogenteknologi.
Prosjektet bygger på eksisterande initiativ i Ocean Hyway Cluster. Gjennom initiativ Forskningssenter for miljøvennlig energi (FME) innenfor hydrogen, skal klynga mellom anna koble studentar og næringsliv. Vidare skal klynga sikre at næringslivet sine behov vert teke omsyn til i vidare utvikling av studieplanar, men og tilgang til oppdatert og relevant forskingskompetanse.
Mobilisering av prosjekt
Hovudmålet med utviklingsprosjektet er å styrke samspelet mellom bedrifter og UH-sektoren i Vestland der ein kan møtast og identifisere felles problemstillingar, samt å auke talet på konkrete innovasjonsamarbeid mellom bedrifter og UH-sektoren ved å mobilisere fram fleire prosjekt.
Det er ei stor tillitserklæringa for HVL og OHC å få støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til å utvikle gode samarbeidsprosjekt innan hydrogen mellom næringsliv og utdanningssektoren
«Støtta frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er svært viktig for å styrke og utvikle det vidare samarbeidet og samspelet mellom næringsliv og utdanningssektoren som er lagt til grunn for den vidare strategiske satsinga på hydrogen i Ocean Hyway Cluster. Ved etablering av eigne samarbeidsarenaer mellom bedrifter og utdanningssektoren skal ein identifisere felles problemstillingar, men ikkje minst auke talet på konkrete innovasjonssamarbeid mellom næring og akademia og realisering av og auke talet på konkrete innovasjonsprosjekt», seier Stein Kvalsund dagleg leiar i Ocean Hyway Cluster.
Vil bidra til nullutsleppsamfunn
«For Sparebanken Sogn og Fjordane er det ein glede å kunne bidra med kr. 600.000,- for å styrke samarbeidet mellom Høgskulen på Vestlandet, bedrifter og klynga Ocean Hyway Cluster, som alle arbeider for å realisere bruk av hydrogen i maritim næring. Nullutslepp er eit mål, også i maritim sektor, og då må vi saman nytte all tilgjengeleg kunnskap får å nå dette målet. Dette er ikkje noko den enkelte bedrift kan løyse åleine. Vi har stort tru på at dette samarbeidet er eit viktig steg i rett retning», seier Jo Dale Pedersen, banksjef bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane
Prosjektperioden er 1. Mai 2022 – 1. Mai 2023.