Grønn plattform satsinga videreførast i 2022!
Grønn plattform er ei satsing som gir støtte til forskings- og innovasjonsdrevet grøn omstilling i næringslivet. Regjeringa øyremerker inntil 750 millionar til denne typen 3-årige grøne samarbeidsprosjekt.
– Det er gjennom forsking og innovasjon vi skaper morgondagens berekraftige samfunn. Grønn plattform skal løyse konkrete utfordringar, akselerere grøn omstilling i næringslivet og legge til rette for nye grøne verdikjeder, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Grønn Plattform er ute etter samarbeidskonsortier som kan levere de beste prosjekta, frå forsking og teknologiutvikling, frem til ferdige løysingar.
Obligatorisk skisse – utlysinga er open
For å sende inn hovudsøknad, må ein først sende inn obligatorisk skisse innan 4. mai 2022. Hovudsøknaden har frist i september 2022. Tildelingar skjer i desember 2022 slik at prosjekta kan starte tidleg i 2023.
Sjå utlysingane
Har du spørsmål om utlysinga? Her kan du sjå ei videoveiledning og melde deg på møter for søkarar 23. mars og 6. april.
Felles utlysing i verkemiddelapparatet
Med fellessatsinga Grønn plattform vil Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Siva utløyse større prosjekt, som ikkje vert dekt av deira enkelte ordningar.
– Behovet for forsking og innovasjon har aldri vært større enn nå, og vi trenger kunnskapsbaserte løysingar for at vi skal lykkes med den grøne omstillinga. Derfor er det avgjerande at næringslivet og forskingsinstitutta samarbeider i den grøne, digitale omstillinga, seier administrerande direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit.
– Samarbeid må til for å skape de nye grøne jobbane og for å nå målet om 50 prosent auking av eksport utanom olje og gass. Grønn plattform er ein viktig plattform for dette. Vi inviterer no bedrifter og forskingsmiljø i heile landet til å søke om støtte til samarbeidsprosjekt som løyser samfunnsutfordringar og bidrar til sysselsetting, verdiskaping og framtidig eksport, seier administrerande direktør i Innovasjon Norge Håkon Haugli.
– Vi ser fram til gode prosjektsøknader som vil bruke kompetansen og testfasiliteta i katapult-sentera for å skape meir grøn industriproduksjon i Norge, seier konstituert administrerande direktør i Siva Andreas Krüger Enge.